Historikk

Gamla bedehuset

Det første bedehuset i Fitjar vart vigsla i 1915 og var i bruk til 1982. Bedehuset stod på ei bygsla tomt på Tongane (Rimbareid). Det var eit enkelt bedehus. I hovudetasjen var det inngang og møtesal med eit mindre bønerom på sida, som ein kunne opna til hvoudsalen. Over gangen og bønerommet var det galleri. Under huset var det steinkjellar, og her var det kjøken og eit rom med plass til nokre langbord. I dei nesten 70 åra huset var i bruk var det eit rikt arbeid der med møter, møteaksjonar, basar, foreiningsmøter mm. Siste møte på «gamla-bedehuset» vart halda søndag 18. april 1982. (Kjelde Kyrkjeboka «Så fast ei borg»)

Nye Fitjar bedehus

I starten av 1960-åra snakka folk om at det gamle bedehuset på Rimbareid, som var bygd tidleg på 1900-talet, hadde gjort fullgod tenesta, og at det var trong for fornying. 5.februar 1962 vart den første plannemnda for eit nytt bedehus vald. Sokneprest Einar Tuvin var formann i nemnda. Den første bedehusforeininga vart starta 27. februar 1964, og det skulle visa seg å vera på dagen 17 år før ein la ned grunnsteinen til det nye bedehuset i sentrum. 29. mars 1968 vart det vald ny plannemnd, no med den nye soknepresten Finn Hadde Tvedt som formann. Nokre år seindare, 23. mars 1973, vart det vald ei eiga innsamlingsnemnd med Lars K Vik som leiar, og ei ny plannemnd med Georg Vik som formann. 8. desember 1976 mottok ein godkjennin frå Fitjar jordstyre, og 9. mars 1977 fekk ein godkjenning av Hordaland fylkeslandbruksstyre. Tomtespørsmålet var no i orden og det vart vald eit eige styre for det nye bedehuset som skulle byggjast. Formann for styret vart Eli Vestbøstad (2 år) og seinare Georg Vik. Det vart og vald ei byggjenemnd. I byggjenemnda var Trygve Eiken formann, og nemnda engasjert arkitektane Anda og Hirth frå Voss til å teikna huset. Etter fleire år med skriving og søknadar att og fram, kom arbeidet i gong.

14. mai 1980 var fyrste spadestikk teke, og i frisk kuling 31. januar 1981 kom sperreflagget opp.27. februar 1981 var det grunnsteinsnedlegging.
Kommune ville leiga ein del av kjellaretasjen til helsestasjon med helsesyster og lege. Dugnadsgjengen prioriterte helsestasjonen, og den kunne flytta inn allereie i juli 1981. Arbeidet med første høgda og loftet gjekk jamt og trutt vidare og fyrste bønemøte på det nye bedehuset vart halde onsdag 19. august 1981. Mange dugnadsarbeidarar var i sving og kvar laurdag vart det servert mykje god mat til dugnadfolket. Tysdag 24. november 1981 var det verste veret i manns minne med orkan frå nordvest. «Me tek lommelykt med på stillaset i kveld i tilfelle straumen går» , var beskjeden til dungadsgjengen.

Søndag 18. april 1982 var det for siste gong møte på bedehuset på Rimbareid, og fem dagar seinare (23.04.82) vart det halde årsmøte for det nye Fitjar bedehus i det halvferdige huset. Nils M Rydland hadde andakt på årsmøtet. Søndag 25. april 1982 vart det første møtet på det nye bedehuset halde. Dette var eit familiemøte med tale av sokneprest Tore Tangen. Det store oppmøtet på ca 200 personar vitna om at mange gjerne ville vera med å ta det nye forsamlingslokalet i bruk.

17. mai 1982 var det 17. mai-fest på bedehuset med tale av Inge Ree.

Søndag 17. oktober, 10 ½ år etter at planarbeidet starta, var det vigsling av det nye bedehuset (Fitjar bedehus). Dette var ein stor dag for kristenfolket i bygda, mange ville ta del i festen og det var heilt fullt på bedehuset. Det kom inn ca 50 000,- i kollekt denne dagen. Generalsekretær Ole Abel Sveen stod for sjølve vigslinga. Elles var det eit flott program med mykje takk til Gud for det fine og gode huset ein ho hadde fått. Ein god base for å bringa evangeliet om Jesus ut til bygdefolket.
(Kjelde Trygve Eiken)

Innleiing

I byrjinga av 60 åra var det folk imellom tala om at det gamle bedehuset – bygd tidleg på 1900 talet – hadde gjort fullgod teneste og trong fornying.

5. februar 1962

 Den fyrste plannemnda for eit nytt bedehus vald med sokneprest Einar Tuvin som formann.

27. februar 1964

Fyrste bedehusforeining vart starta. Det skulle vise seg å verta på dagen 17 år før ein la ned grunnsteinen til det nye bedehuset.

29. mars 1968

Det vart vald ny plannemnd med den nye soknepresten Finn Halle Tvedt som formann.

23. mars 1973

Det vart vald ei eiga innsamlingsnemnd med Lars K. Vik som leiar og ei ny plannemnd med Georg Vik som formann.

8. desember 1976

Mottak av godkjenning frå Fitjar Jordstyre.

9. mars 1977

Hordaland Fylkeslandbruksstyre gav si godkjenning.

 

Tomtespørsmålet var i orden og det vart vald eige styre for det nye bedehuset som skulle byggjast. Formann for dette styret var Eli Vestbøstad (2 år) og seinare Georg Vik.

 

Ei byggjenemnd vart og vald med Trygve Eiken som formann. Byggjenemnda engasjerte arkitektane Anda og Hirth frå Voss. Etter fleire år med skriv og søknadar att og fram, kom arbeidet i gong.

14. mai 1980

Fyrste spadestikk gjort.

31. januar 1981

Sperreflagget vaia i frisk kuling.

27. februar 1981

Grunnsteinsnedlegging

juli 1981

Kommunen ville leiga ein del av kjellaretasjen til helsestasjon – helsesyster og lækjar – og dei kunne flytta inn alt i juli 1981. Då hadde dugnadsgjengane prioritert helsestasjonen.

19. august 1981

Arbeidet med 1. høgda og loftet gjekk no gjevnt og trutt vidare og fyrste bønemøte var onsdag 19. august 1981.

24. november 1981

Kvar laurdag vart det servert mykje god mat til friske dugnadsarbeidarar. Tysdag 24. november 1981 var verste ver i manns minne, med orkan frå nordvest. ” Me tek lommelykt med på stillaset i kveld” var beskjeden ”om straumen skulle gå”.

18. april 1982

Siste møte i det gamle bedehuset på Rimbareid.

23. april 1982

Årsmøtet for det nye Fitjar Bedehus skulle haldast i det halvferdige huset fredag 23. april 1982. Det var andakt av Nils M. Rydland.

25. april 1982

Fyrste søndagsmøte var eit familiemøte to dagar etter med tale av sokneprest Tore Tangen og det var ca. 200 frammøtte som vitna om at folket gjerne ville vera med og ta det nye  forsamlings-lokalet i bruk.

17. mai 1982

Fest i bedehuset og talar var Inge Ree.

17. oktober 1982

Vigsling av Fitjar Bedehus var lagt til søndag 17. oktober 1982. Det var ein stor dag for kristenfolket i bygda. Det var heilt fullt med folk som ville ta del i festen. Generalsekretær Ole Abel Sveen stod for sjølve vigslinga . Elles fekk ein med seg eit flott program med mykje takk til Gud for det fine og gode huset ein no hadde fått. Ein god base for å bringa evangeliet om Jesus ut til bygdefolket. (kollekt denne dagen ca. 50 000)

Bli medlem!

Medlemskont. Fitjar bedehus: kr 200,- per år: Vipps til nr 717234.