Fitjar indremisjon

Fitjar indremisjon

Fitjar indremisjon held til på Fitjar bedehus. Indremisjonen legg til rettes for bønemøter, møteveker, søndagsmøter m.m. Indremisjonen driv Klubben for dei i 5.-7.klasse, på torsdagar, og saman med kyrkja har dei Tentreff på fredagskveldane for ungdomar frå 8. klasse og oppover. Veke 10 og 42 er indremisjonen sine faste møteveker, og ein gong i løpet av hausten brukar indremisjonen å arrangera weekend saman med Fitjar kyrkja og eventuelt Imf Fitjar.

Klikk for påmelding Fitjarweeken 2023

Fitjar indremisjon har teke på seg å samordna arbeidet på bedehuset ved å ha samordningsmøter to gongar i året og å laga ein aktivitets-/informasjonsfalder for bedehuset. I tillegg tar indremisjonen seg av mange søndagsmøter, nokre av laurdagkveldane, «Me syng jula inn», julefest/julekos m.m .

Styret for Fitjar indremisjon
Ingebrigt S Sørfonn (leiar) –  Tlf: 930 63 510
Randi Eiken Brekke (nestleiar)
Sigrunn Eiken (skrivar)
Rolf Atle Rolfsnes (kasserer)
Inger Marie Gilje (styremedlem)
Helga Rimmereid (1. varamedlem)
Svein Aarbø (2. varamedlem)
Hans Johansen (3. varamedlem)

Dersom du ynskjer å vera medlem i Fitjar indremisjon (som ikkje er eit trussamfunn men ein organisasjon/eit lag) kostar det 100,- pr person pr år. Betal til kontonummer 3546 29 07239 eller vipps 84475. Merk betalinga med Medlemkontingent, år og namn.

Bli medlem!

Medlemskont. Fitjar bedehus: kr 200,- per år: Vipps til nr 717234.