Velkommen til Fitjar Bedehus

Om Fitjar Bedehus

Fitjar bedehus ligg i sentrum av Fitjar, like ovanfor kyrkja, med adresse Fitjargardsvegen 3. Bedehuset vart innvia i 1982. Det er eit stort, flott hus med mange rom og stor aktivitet for både små og store, unge og eldre.
§1 «Huset skal nyttast til all verksemd som prøver å vekkja og styrkja sann, kristen tru i samsvar med Guds ord og Den Evangelisk Lutherske vedkjenning.»

Last ned vedtekter for Fitjar Bedehus

Styret
Leiar: Sigmund Sætre, tlf 906 02 553
Nestleiar/kasserar: Terje Eiken
Skrivar: Reidun Heradstveit
Styremedlem: Steinar Aarskog
Ansv utleige/bruk av huset: Helga Rimmereid, tlf 975 28 001, e-post: helgari@frisurf.no
1. vara: Ragnhild Aarskog     2. vara/rekneskap: Erling Prestbø

Følg oss gjerne på facebook

Bli medlem

Styret for bedehuset ynskjer at mange skal vera med å støtta opp om dette flotte og viktige huset me har her i sentrum av Fitjar. Det kostar 200,- pr person pr år å vera medlem i Fitjar bedehuset. Ein melder seg inn ved å betala kontingenten på 200,- til kontonummer 3546 60 06694 eller vipps nr 717234. Merk betalinga med Medlemskontingent, år og namn. (Ein vert då medlem i organisasjonen/laget Fitjar bedehus, og ikkje noko trussamfunn)

Bli medlem!

Medlemskont. Fitjar bedehus: kr 200,- per år: Vipps til nr 717234.