Fest og basar

Fest og basar

Det er ein god del faste festar, basarar og messer på bedehuset.

17. mai brukar det alltid å vera fest på bedehuset på ettermiddagen. Ansvaret for festen går på omgang mellom foreiningane.
Indremisjonen arrangerer ofte samlingsfest i slutten av august/starten av september, og i romjula inviterer dei til julefest/julekos. Søndagsskulen har fast tradisjon for å invitera til julefest 30. desember, og på nyttårsafta arrangerer gjerne Tentreff nyttårsfest for ungdomar.

Basarar: Steffanusalliansen brukar å ha basar i veke 4. Normisjon brukar å ha basar i veke 7. Jenteforeininga brukar å ha basar annakvart år laurdag før palmehelga. Bedehuset brukar å ha vårbasar siste tysdag i april. Vyborghjelpa brukar å ha basar på bedehuset i starten av september, annakvart år. Det norske misjonsselskap brukar å ha basar omkring St Hans (Jonsokbasaren). Indremisjonsforeininga brukar å ha basar i veke 42. Det norske misjonsselskap (Vestbøstadforeininga/?) brukar å ha basar i veke 40. Norsk luthersk misjonssamband brukar å ha misjonsmesse annakvart år, tredje laurdagen før julemessa til bedehuset. Bedehuset brukar å ha stort julemessearrangement laurdag før 1. søndag i advent.

Bli medlem!

Medlemskontingent Fitjar bedehus: kr 200,- per år kan betalast med Vipps til nr 717234.