Babysong

Babysong

«Den første song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga.
Dei mjuke ord til hjarta gjekk, dei kunne gråten stogga.
Dei sulla meg så underleg, så stilt og mjukt til sova,
dei synte meg ein fager veg; opp frå vår vesle stova»

Annakvar tysdag kl 10.30 – 12.00 er det babysongsamling på bedehuset. Me startar med ei fin og nær songstund med songar, regler, rørsler, lytting m.m. Etterpå er det nistemåltid og god tid til prat.

Sjå plakatar/annonsering for meir informasjon/program)

Babysong har no teke sommarferie. Oppstart hausten 2025 er 2. september.

Kontaktperson: Randi Lønning Matre, 951 38 562
Arrangør: Fitjar kyrkje
Følg oss gjerne på facebook