Lag og organisasjonar på bedehuset

Fitjar indremisjon

Fitjar indremisjon held til på Fitjar bedehus. Indremisjonen legg til rettes for bønemøter, møteveker, søndagsmøter m.m. Indremisjonen driv Klubben for dei i 5.-7.klasse, på torsdagar, og saman med kyrkja har dei Tentreff på fredagskveldane for ungdomar frå 8. klasse og oppover. Veke 10 og 42 er indremisjonen sine faste møteveker, og ein gong i løpet av hausten brukar indremisjonen å arrangera weekend saman med Fitjar kyrkje og Imf Fitjar.

Fitjar indremisjon har teke på seg å samordna arbeidet på bedehuset ved å ha samordningsmøter to gongar i året og å laga ein aktivitets-/informasjonsfalder for bedehuset. I tillegg tar indremisjonen seg av mange søndagsmøter, nokre av laurdagkveldane, «Me syng jula inn», julefest/julekos m.m .

Styret for Fitjar indremisjon
Halvard Wiik (leiar) Tlf 480 48 733
Randi E Brekke (nestleiar)
Sigrunn Eiken (skrivar)
Rolf Atle Rolfsnes (kasserer)
Inger Marie Gilje (styremedlem)
Hans Johansen (1. varamedlem)
Helga Rimmereid (2. varamedlem)

Dersom du ynskjer å vera medlem i Fitjar indremisjon (som ikkje er eit trussamfunn men ein organisasjon/eit lag) kostar det 100,- pr person pr år. Betal til kontonummer 3546 29 07239 eller vipps 84475. Merk betalinga med Medlemkontingent, år og namn.

Fitjarhelg på Solgry 28.-30.10.2022

Påmelding til Fitjarhelga på Solgry 28.-30. oktober 2022.

Indremisjonsforeninga

Indremisjonsforeininga har foreningsmøte i heimane/på bedehuset anna kvar torsdag og basar i november.

Kontaktpersonar:
Magnhild Turøy 950 89 784
Bjørg Lise Vestbøstad 986 08 308

Det norske misjonsselskap

Det norske misjonsselskap (NM») er ein misjonsorganisasjon som har fokus på å gjera Jesus kjent for alle menneske, kjempa for fridom og likeverd for alle, og hjelpa menneske ut av fattigdom. På Fitjar har NMS enkle møte og basarar på bedehuset.

Kontaktperson:
Helga Rimmereid 975 28 001 helgari@frisurf.no

NMS: https://nms.no/

Den norske israelsmisjon

Israelsmisjonen er ein kristen misjons- og kompetanseorganisasjon som har arbeid i Israel, AustEuropa og Norge. Me er engasjert i evangelisering og kyrkjelydsbygging, diakoni og hjelpearbeid, freds- og forsoningsarbeid, samt undervisning og haldningsskapande arbeid. Israelsmisjonen har møte på Fitjar bedehus haust og vår, og misjonsforeining med 3-4 samlinger i semesteret.

Kontaktperson for DNI er Torunn K. Aarskog, tlf 40 40 41 46. Ynskjer du meir info om arbeidet er du velkommen til å ta kontakt!

DIN: https://www.israelsmisjonen.no/

Norsk luthersk misjonssamband

Norsk luthersk misjonssamband (NLM» er ein fri og sjølvstendig misjonsorganisasjon på luthersk grunn som jobbe under visjonen «Verda for Kristus»
NLM sine foreiningar i Fitjar:
Fitjar kvinneforening for NLM v/ Anne Margrethe Engen 974 33 713
Øvrebygda kvinneforening for NLM v/ Sølvi Marie Aarbø, 959 23 687
Skumsnes kvinneforening for NLM v/ Sigfrid Skumsnes 950 89 171
NLM har møteveker på Fitjar bedehus i veke 6 og veke 44, og misjonsmesse på Fitjar bedehus ein laurdag i november (tredje laurdag før den første helga i advent)

Kontaktperson NLM Fitjar:
Lars Vestbøstad – 408 48 834 lars.vestbostad@haugnett.no

NLM: https://www.nlm.no/

Fitjar Normisjon

(tidl. Santalmisjons forening)

Normisjonen har foreningsmøte annankvar torsdag. Me møtest i heimane/på bedehuset og har enkel kvelds saman. På møta har me litt misjonsinformasjon, gjennomgår teksten for søndagen og avsluttar med bøn. I februar har me møtehelg og basar til inntekt for misjonsarbeidet i Bangladesh. Me har 11 medlemer, dei fleste i 60 åra, men og nokre yngre. Nye er alltid velkomne!

Leiarar: Leikny Torvund 466 61 807 og Torunn Aarskog 404 04 146

Normisjon: https://www.normisjon.no/ 

Stefanusalliansen

Steffanusalliansen har møte med basar i veke 4. Foreininga har foreningsmøte i heimane/på bedehuset annankvar torsdag. Me les frå misjonsbladet til Stefanusalliansen og avsluttar med bibellesing og bøn. Me er 10 medlemar, og nye er alltid velkomne.

Kontaktpersonar: Annlaug Hovstad 942 59 042 Reidun Heradstveit 413 29 497

Steffanusalliansen: https://www.stefanus.no/ 

Lys over Land

Misjonsorganisasjonen Kristen Muslimmisjon har skifta namn til Lys over Land.

Oppdraget med å nå muslimane med evangeliet er framleis det same.

Kontaktperson:
Anne Berit Vik 922 63 536
anneberitvik49@gmail.com

Bli medlem!

Medlemskont. Fitjar bedehus: kr 200,- per år: Vipps til nr 717234.